Toppturar i Sogn/Skitouren gehen in Westnorwegen
Sogndalsdalen, Fjärland, Jostedalen, Hurrungane

Toppturar i Sogn/Skitouren gehen in Westnorwegen

9788293090175
Sogndalsdalen, Fjärland, Jostedalen, Hurrungane
€54.90
incl. VAT
deliverable
Delivery in 1 to 4 business days
Tags
Guide Skandinavien Führer Noreg norge Norway Ski Touring skitouren Ski schi Schitourenführer Skiführer skitourenführer Schitouren Powder
Toppturar i Sogn er ein skiførar til 69 fjell i områda Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane. Sogn har dei siste åra blitt kjend som eit skiområde i verdsklasse for den som er i stand til å ta seg til topps for eiga maskin. Her finn du alt frå spektakulære tindar til botnlaus puddersnø.

Boka er delt inn i tre hovudområde. Sogndalsdalen og Fjærland er heimebana for det sterkt veksande skimiljøet i Sogndal og bygdene rundt. Snømengdene er store og stabile, og nedbøren kjem gjerne med mindre vind enn det ein er van med i andre delar av landet. Mange stader er det gode tilhøve for skogskjøring, og det er gode grunnar til at Sogndalsdalen er laussnøbikkjene sin favoritt.

Hurrungane er det ikoniske fjellområdet lengst vest i Jotunheimen, mest kjend for klatreklassikaren Store Skagastølstind. Fjell som Store Ringstind, Fanaråken og Nordre Dyrhaugstind er høge, majestetiske og klassiske vårskiturer. Toppane er tilgjengelege for dei fleste toppturentusiastar. Men her finst også stupbratte renner og flankar som berre kan tilrådast for dei mest erfarne, som den karakteristiske renna på Austabotntind.

Mellom desse to mest kjende områda finn vi Jostedalen. Det store og vide området ved Jostedalsbreen, der ein skientusiast kan finne alt ein kan draume om. Her er høge toppar, brear, bratte renner og herleg skogskøyring. Jostedalen er framleis forholdsvis lite besøkt av andre enn dei lokale toppturfolka, som truleg er blant dei i Noreg som har tilgang til mest nyfallen nysnø kvar einaste vinter.

Toppturar i Sogn er ein unik vegvisar til desse tre områda. Alle turane er detaljert skildra med ruteinnteikningar på flyfotografi. Til kvar enkelt del følgjer eit kart med oversikt over toppane. Boka er rikt illustrert med 160 turbilete i tillegg til flyfotografia. Toppturar i Sogninneheld óg kapittel om skihistorie, skred, vêr og tips for turar på vårsnø.
Weight:
666 g
Publisher:
Product Type:
Books
Language:
Norwegian
EAN:
9788293090175
Pages:
336
Year of publication:
2013
Continent: Europe
Country: Norway
State / Province: Sogn og Fjordane
Write Your Own Review
Other customers also bought