Kartserien S100 viser topografiske kartblad over Svalbard i målestokken 1:100.000.
Kartserien inneheld 62 kartblad, av dei er 50 er tilgjengeleg som karttrykte blad, resten som fargeplott. Ekvidistansen er 50 m. Dei fleste karta er trykte i datum WGS84, utan G7 og H7 som er trykt i datum ED50.
Kartet over Bjørnøya (D20) er i målestokk 1:50.000.
Topografiske kart viser terrenget på jordas overflate. Naturlege og menneskeskapte former visast, for eksempel kystlinjer, isbrear, vegar og bygningar. Karta viser og stadnamn, UTM rutenett og ulike typar grenser.
Karta kan kjøpast direkte frå instituttet, i bokhandlarar og i butikkar på Svalbard.